Rektor
Høyanger skule søkjer ein positiv, engasjert, utviklingsorientert og framtidsretta rektor.
Høyanger skule er ein fulldelt 1 – 10 skule med 270 elevar. Den har ca. 29 lærarårsverk og SFO- ordning med i underkant av 60 born. Kulturskulen og norsksenteret er organisert som eigne avdelingar under Høyanger skule. Administrasjonsressursen i stillinga er 100 %. Skulen har i tillegg to avdelingsleiarar og merkantil ressurs. Stillinga er ledig frå 01.08.26.
Hovudoppgåver:
• Einingsleiar for 4 avdelingar; 1-7/SFO og 8-10. ved Høyanger skule, kulturskulen og norsksenteret.
• Administrativ, økonomisk og fagleg drift
• Planarbeid, rapportering og kvalitetsutvikling
• HMS, arbeidsmiljøarbeid og partssamarbeid
• Utvikling av skulen som lærande organisasjon
• Deltakar i kommunen sitt skulefaglege leiarforum og tverrfagleg samarbeid
Dine kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
- Har god innsikt i det faglege og pedagogiske arbeidet
- Har godkjend undervisningskompetanse til å arbeide i grunnskulen
- Er ein tydeleg og inkluderande leiar
- Har evne til å kommunisere godt internt og eksternt
- Har gode samarbeidsevner og er løysingsorientert
- Har erfaring frå skuleleiing
- Har stor arbeidskapasitet
- Tek rektorutdanning dersom dette manglar
Personlege eigenskapar blir vektlagt.
Kvifor søkje hos oss?
- Godt og kreativt arbeids- og læringsmiljø
- Interessante og spennande arbeidsoppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest iht opplæringslova § 17-11 før oppstart.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med assisterande rektor og avdelingsleiar Helen Måredal på telefon 98699696 eller avdelingsleiar Gry Sissel Sagen på telefon 91595904.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Meir om korleis Høyanger kommune skal arbeide med samfunnsutvikling dei neste åra finn du her:
https://www.hoyanger.kommune.no/_f/p9/i3738d1b9-f9b9-420a-99b2-39c10680eb07/samfunnsdelen_vedteken-versjon_2012.pdf
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.03.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Stig Sandborg Engen
mob: +47 99219366
Heimeside:
http://www.hoyanger.skule.noAdresse:
Wilhelm Bugges veg 6993 Høyanger