Høyanger kommune Sentralkjøkken

Lærling ernæringskokk

Sentralkjøkkenet produserer mat til begge sjukeheimane, heimebuande og drift av kantina ved Høyanger helsesenter. Vi har levering av middag til ca 130 personar. All middagsleveranse er vakuumpakka og det vert nytta kok- kjøl prinsippet. Avdelinga har 4 faglærte kokker som ynskjer å få med ein lærling på laget.

Er du motivert til å starte læreløp hos oss med eit stort engasjement for ernæring? Hos oss får du lære av erfarne fagfolk og mulighet til utvikling. Frå hausten 2026 tek vi inn lærling som Ernæringskokk

Kvalifikasjoner

  • fullført og bestått VG1 og VG2, restaurant- og matfag og kokk – og servitørfag
  • god orden og åtferd
  • god skriftleg og muntleg norskkunnskap

Vi ser etter deg som er

  • Motivert og engasjert for faget
  • Arbeider sjølvstendig, og er god på planlegging og prioritering av oppgåver
  • Pliktoppfyllande med sans for kvalitet og orden
  • Serviceinnstilt, nysgjerrig og løysingsorientert
  • Kommuniserer og samarbeider godt med andre

Vi tilbyr

  • tett oppfølging opp av fagleder/instruktør med eigen opplæringsplan som sikrar målsetninga til læreplanen
  • oppfølging av Opplæringskontoret for hotell og matfag
  • løn etter tariff i hht verdiskapingsdel

 Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.

Vitnemål/karakterutskrift leggast ved søknad.

Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:

  • Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden
  • Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
  • Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige.
  • Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.

Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!

Kvifor Høyanger?

  • Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
  • Eit rikt lag- og organisasjonsliv
  • Fokus på samskaping og samarbeid
  • Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
  • Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

 

Del på:

Jobbtype:

Praktikant

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

16.04.2026

Tiltreding:

august/september 2026

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Inger Lise Husetuft

Stilling: kjøkkensjef

mob: +47 45256599

Adresse:

Storgata 6993 Høyanger

Kart: