Vil du arbeide som ferievikar hos oss?
Ferievikarar - helse og omsorg 2026
Vi treng ferievikarar innan tenesteområdet helse og omsorg. Vi har ledige ferievikariat ved desse einingane:
- Institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim)
- Open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida)
- Bu- og miljøtenesta Høyanger og Lavik
- Sentralkjøkken
- Butiltak i eining psykiatri (kun lang- og døgnvakter i tillegg til nattevakt)
- Støttepersonell legekontor
Vi kan legge til rette for langvakter i dei fleste einingane.
Vi treng vikarar i tidsrommet medio juni til medio august med hovudvekt på juli månad. Søkjarar som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vil verte prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.
Vi treng følgjande stillingsgrupper:
Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleie/vernepleiestudentar, miljøarbeidarar, heimehjelp og assistentar. For stillingar innan sjukeheimar, open omsorg , bu- og miljøtenesta og butiltak er arbeidstid i turnus med arbeid minimum 3.kvar helg.
Vi kan tilby god og trygg opplæring før oppstart. Du må være fleksibel, ha gode samarbeidsevner, kunne arbeid sjølvstendig og beherske norsk muntleg og skriftleg.
Søkjarar til open omsorg må ha førarkort kl. B (fortrinnsvis manuell gir).
Politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Løn etter tariff. Sjukepleiar og vernepleiarstudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.
Bonusordning:
Bonus vert utløyst med arbeid i 80-100% stilling i minimum 5 veker i ferieperioden.
5 veker: 5000,-
6 veker: ytterlegare 1000,-
7 veker: ytterlegare 1000,-
Maksimal bonus er 7000,-.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
15.02.2026
Tiltreding:
juni 2026
Arbeidsstad:
Høyanger, Lavik, Kyrkjebø, Bjordal
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Storgata 6993 Høyanger