
Lærarar
Bjordal skule har ledig inntil 200 % lærarstillingar frå 01.08.25
Ungdomstrinnet har behov for faga norsk, samfunnsfag og naturfag.
Småtrinnet har behov for basisfaga norsk, engelsk og matematikk, i tillegg til samfunnsfag og naturfag.
Vi legg vekt på:
- God relasjonskompetanse
- Positivitet
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Høyanger kommune kan tilby:
- Høve til kompetanseutvikling
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- Lønn etter gjeldande tariffavtale. Rekrutteringstillegg på 17.000 kr årleg kan tilkomme
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Dei som blir tilsette må ha godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.
Det er også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule.
Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsette.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Bjordal skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Jolanta Førde på tlf. 99116562 eller Aina Brendsdal Forthun på tlf. 99257926 og høyr deira erfaringar.
For spørsmål om stillingane, kontakt rektor ved Bjordal skule Malin Lunde på telefon 90634393 eller kommunalsjef for oppvekstsjef Stig Engen på tlf 99219366.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i Offentleglova.