
Vil du arbeide som ferievikar med lang- og døgnvakter?
Miljøarbeidarar - ferievikar
Høyanger kommune søkjer etter engasjerte og løysingsorienterte miljøarbeidarar til ferievikariat i 2-1 tiltak i heile eller delar av perioden 16.juni – 18 august 2025.
Arbeidstida består av langvakter og døgnvakter, som gjev komprimert arbeidstid og lange friperiodar. Du vil i arbeidet alltid være på jobb med en annen erfaren kollega og arbeidet sentrerer seg rundt
ein bruker med særskilte behov
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid i direkte arbeid med brukar
- Helsefagleg oppfølging.
- Støtte og rettleiing til brukar.
- Praktiske gjeremål i bustad/uteareal
- Bidra til å skape tryggheit og trivsel
- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
Vi ser etter deg som:
- er under utdanning innan helse og sosial/pedagogisk utdanning
- gjerne har erfaring frå arbeid med vaksne med emosjonelle og sosiale utfordringar
- har kunnskap og interesse om arbeid med psykisk helse
- trivast i både hektiske og rolige periodar av arbeidsdagen
- har gode samarbeidsevner
- bidrar til eit godt arbeidsmiljø
- er fleksibel og løysingsorientert
- er roleg og trygg med god stabilitet og evne til og takle utfordringar over tid
- førarkort kl B
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar
Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest før ein tek til i stillinga.
Vi tilbyr:
- fagleg utfordrande stilling.
- god opplæring i ei sterk tverrfagleg personalgruppe
- tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar
- løn etter gjeldande tariff. Bonusordning for ferievikarar innen helse og omsorg Ved arbeid (minimum 80% stilling) i 5 veker: 5000,- med ytterlegare 1000,- pr veke for 6. og 7. veke.
Del på:
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
19.05.2025
Tiltreding:
medio juni
Arbeidsstad:
Høyanger kommune
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Storgata 6993 Høyanger