Høyanger kommune Høyanger kommune

Lærarar

Høyanger kommune har ledig 2 nyoppretta 100 % stillingar frå snarast for lærarar i norsksenteret. Undervisning i norsk og samfunnsfag til nyankomne flyktningar.

Vi legg vekt på:
- God relasjonskompetanse
- Positivitet
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner

Høyanger kommune kan tilby:
- Høve til kompetanseutvikling

- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.

- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

- Lønn etter gjeldande tariffavtale

Dei som blir tilsette må ha godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen, då det kan bli undervisning også der.

Vi ønskjer søkjarar med kompetanse i norsk og samfunnsfag. Andre fagønskje i tillegg til dette, er engelsk. Også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse og erfaring frå klasseleiing.

Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsette.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova. 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

11.12.2022

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Kommunalsjef for oppvekst Stig Engen

mob: +47 99219366

Adresse:

August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger

Kontorlokalisering: