
Fastlege - Nordsjøturnus
Høyanger legeteneste søkjer etter erfarne allmennpraktikarar, anten ferdig spesialist eller har påbegynt/ønskje om å starte på spesialistforløpet i ALIS- stilling.
Legekontoret ligg i Høyanger tettstad. Høyanger er omringa av flott natur der det er moglegheiter for flotte naturopplevingar i fjord og fjell, samt eit rikt tilbod innan idrett og kultur. Legetenesta har òg to ute- kontor i Lavik og på Søreide med lege og sjukepleiar tre dagar per veke. Legetenesta i Høyanger er eit veletablert legekontor med eit godt arbeidsmiljø. Ein jobbar etter ein triagemodell og er i eit utviklingsarbeid kring oppgåvedeling i kollegiet. Kontoret har eit velutstyrt laboratorium med stor analysepark, 24- bt, spirometri, EKG, audiometri og tonometri. Ein legg stor vekt på kvalitetssikring og fagleg utvikling.
Stillinga vert knytt til «Nordsjøturnus» med arbeid to veker på og 4 veker fri mellom fleire legar.
Arbeidsoppgåver:
- Allmennlegeoppgåver som fastlege, samt fordeling av allmennlegeoppgåver i kommunen inntil 7,5 timar per veke. Fordeling av kommunale oppgåver vert gjort på bakgrunn av kompetanse og interesseområde.
- Drift av legetenesta i lag med dei andre legane.
- Rammene til legane gjev høve til stor grad av autonomi i arbeidskvardagen.
- Kommunen inngår i det interkommunale legevaktsamarbeidet, SYS IKL, på ettermiddag/kveld/natt, helg og høgtider med vakt om lag 2- 3 vakter per månad. Legevakt innan vanleg arbeidstid på kvardagar vert delt mellom legane.
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege. Spesialist i allmennmedisin eller påbegynt spesialisering i allmennmedisin. Legesenteret er godkjent som utdanningsbedrift og gir rettleiing frå spesialist i allmennmedisin
- Gode kommunikasjonsevne i eitt av dei skandinaviske språka, både skriftleg og munnleg.
- Allmennmedisinsk praksis og erfaring frå fastlegepraksis er ein fordel.
- Førarkort klasse B
Personlege eigenskapar:
- Personleg eigenskap vert vektlagt
- Det krevst stor læringsvilje og evne til å tileigne seg kliniske ferdigheiter
- Stor grad av fleksibilitet, ansvarsbevisst og engasjert
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å jobbe strukturert og målretta, både sjølvstendig og i fellesskap·
- Konkurransedyktig løn og god pensjonsordning i KLP
- Rettleiing og supervisjon
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg miljø
- Nye tidsmessige kontorlokale
- Det blir tilrettelagt for deltaking på obligatoriske kurs i samband med spesialistutdanning, samtdeltaking i kollegarettleiingsgruppe
- Kommunal bustad
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
20.07.2025
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Kommuneoverlege Mie Bastholm
tlf: +47 99219381
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Storgata 6993 Høyanger