Miljøterapeut/vernepleiar
Høyanger skule har ledig 100 % fast stilling som miljøterapeut/vernepleiar frå 01.08.26. Stillinga er i hovudsak øyremerkt elev med nedsett eller ingen høyrsle, og andre elevretta tiltak for elevar med særskilde behov.
Arbeidsoppgåver:
• Støtte i og utanfor undervisningssituasjon
• Samarbeid med lærarar/team og skulen sine samarbeidspartar (PPT, helse)
Kvalifikasjonar:
• Høgare utdanning frå høgskule/universitet innan relevante fagområde, t.d pedagog (sosial-, barneverns- eller spesialpedagog), vernepleiar, sosionom. Helsefagleg høgskulebakgrunn retta mot arbeid med barn og unge er også ønskjeleg.
• Det er ønskjeleg at søkjar har erfaring frå arbeid med barn med høyrsleutfordringar, og/eller kan ta på seg naudsynt opplæring.
Personlege eigenskapar som blir tillagt stor vekt:
• Gode kommunikasjonsevner
• Evne til å skape gode relasjonar
• Sjølvstendig og trygg
• Engasjert og utadvendt
• Fleksibel og samarbeidsvillig
• Systematisk og ryddig
Vi tilbyr:
• Eit triveleg personale, som legg vekt på sosiale møtepunkt
• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på tlf. 97073335 og høyr erfaringane hans.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
01.07.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.skule.noAdresse:
Wilhelm Bugges veg 6993 Høyanger