Lærar
Høyanger skule er ein 1-10 skule og har ledig 100 % fast lærarstilling frå 01.08.26.
Krav til søkjarar: Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen, med minimum 60 studiepoeng i matematikk. Andre fagønskje er andre realfag.
For skuleåret 2026/2027 kan ca. 50 % av undervisninga bli i matematikk for yrkesfag ved Høyanger vidaregåande skule.
Personlege eigenskapar
• God digital kompetanse
• God relasjonskompetanse
• Fagleg engasjement
• Fleksibilitet
• Gode samarbeidsevner
Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.
Kvifor søkje hos oss?
• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar
Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:
Høyanger kommune har store mogelegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på det grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt kultur-, lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, symjehall m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på telefon 97073335 og høyr hans erfaringar.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å bli unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
27.05.2026
Tiltreding:
01.08.26
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.skule.noAdresse:
Wilhelm Bugges veg 6993 Høyanger