Heimehjelp
Ved open omsorg Lavik har vi ledig 100% stilling - vikariat frå snarast og til 01.06.27.
Arbeidstid: dagtid med arbeid 3. kvar helg (helg kan innehalde ettermiddagsskift).
Stillinga inneber hjelp i heimen til heimebuande brukarar i området Lavik/Lavikdalen/Norevikane/Vadheim.
Oppgåver som ligg til stillinga er husvask, handling, tilrettelegging for måltid og noko arbeid med stell i brukar sin heim/ omsorgsbustad. I helgestillinga er det arbeidsoppgåver knytt til stell og pleie av brukarar i eigen heim/omsorgsbustad.
Vi ynskjer søkjarar som:
- har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
- er serviceorientert
- har god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk
- har førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir)
- gjerne har erfaring frå liknande arbeid
Kvifor søkje stilling hos oss?
- God opplæring og rettleiing
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Presentasjon av Høyanger kommune som bu- og arbeidsområde:
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger kommune?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.05.2026
Arbeidsstad:
Lavik
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Lavik helse og sosialsenter 6947 Lavik