Høyanger kommune Lavik barnehage

Pedagogisk leiar

Lavik barnehage har ledig 100 % stilling som pedagogisk leiar frå 01.08.26.


Arbeidsoppgåver:


• Leie barn og tilsette i barnehage
• Ansvar for det pedagogiske arbeidet
• Samarbeid med føresette

Barnehagen samarbeider med Lavik skule om SFO, og det er tidvis utveksling av personell også utanom SFO-drifta.

Barnehagane i Høyanger kommune har trygt og godt barnehagemiljø som sitt satsingsområde.

Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere.


Dine kvalifikasjonar og eigenskapar:


• utdanning som barnehagelærar – eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
• kunne arbeide sjølvstendig og målretta
• kunne skape gode relasjonar til born og vaksne
• vere fleksibel og samarbeidsvillig

 

Kvifor søkje hos oss?


• Gode pensjons- og forsikringsordningar
• Lønn etter tariff
• Kompetansetillegg iht protokoll
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

 

Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:

 

Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!


Kvifor Høyanger?


• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
• Eit rikt lag- og organisasjonsliv
• Fokus på samskaping og samarbeid
• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.


Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart.

Lurer på korleis det er å jobbe hos oss i Lavik barnehage eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Kontakt Eli Hellebø på telefon 41508909 og høyr hennar erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.05.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Lavik

Kontaktpersonar:

Marit Gjersvoll

tlf: +47 57714086

mob: +47 99355314

Adresse:

Lavik 6947 Lavik

Kart: