Høyanger kommune Kyrkjebø skule/SFO

Lærarar

Kyrkjebø skule er ein 1-7 skule, og har ledig 200 % faste lærarstillingar frå 01.08.26.

 

Krav til søkjarar:

-          Godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen. Vi søkjer primært dei som har 1-7 med basisfag i fagkrinsen sin, eventuelt allmennlærar. Søkjararar som har begynnaropplæring eller 5-10 vil også bli vurdert.

 

Vi ønskjer søkjarar som har:

-          God relasjonskompetanse

-          Erfaring frå klasseleiing

-          Undervisningserfaring frå få-delt skule

-          God digital kompetanse

-          Fagleg engasjement

-          Fleksibilitet

-          Gode samarbeidsevner

 

Høyanger kommune kan tilby:

-          Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”

-          Høve til kompetanseutvikling

-          Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ

-          Lønn etter gjeldande tariffavtale

-          Gode pensjons- og forsikringsordningar

-          Hjelp til å skaffe kommunal bustad

 

Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsette.

For spørsmål om stillinga, kontakt rektor Linda Sagerøy Solaas på telefon 48106992.  

 

Kvifor Høyanger?        

-          Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi

-          Eit rikt lag- og organisasjonsliv

-          Fokus på samskaping og samarbeid

-          Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.

 

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Kyrkjebø skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Egil Michael Haaland  på telefon 94856024 og høyr hans erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

22.04.2026

Tiltreding:

01.08.2026

Arbeidsstad:

Kyrkjebø

Kontaktpersonar:

Linda Sagerøy Solaas

mob: +47 48106992

Adresse:

Furevegen 3 6995 Kyrkjebø

Kart: