Lærar
Høyanger kommune har ledig 100 % stilling som lærar i tidsrommet 01.08.26 – 31.07.27, vikariat. Stillinga er delt 50/50 mellom skulane Lavik og Kyrkjebø.
Søkjarar må ha godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Vi ønskjer søkjarar som har naturfag og kroppsøving i fagkrinsen. Undervising både på barne- og ungdomsskule.
Vi legg vekt på:
- God relasjonskompetanse
- Positivitet
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Høyanger kommune kan tilby:
- Høve til kompetanseutvikling
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Det er også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule.
Politiattest må leggast fram før tilsetting for den som blir tilsett.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Lavik og Kyrkjebø skular eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med hhv Trine Deisz Haugsbø på tlf. 90191840 og Egil Michael Haaland på telefon 94856024 og høyr deira erfaringar.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
22.04.2026
Tiltreding:
01.08.2026
Arbeidsstad:
Lavik og Kyrkjebø
Kontaktpersonar:
Rektor Linda Sagerøy Solaas
mob: +47 48106992
Rektor Målfrid Førde
mob: +47 48139265
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger