Miljøarbeidar
Høyanger kommune søkjer etter engasjert og løysingsorientert medarbeidar som har erfaring frå vaksne med emosjonelle og sosiale utfordringar.
Vi har ledig 100% stilling som miljøarbeidar - vikariat frå 1.juni og eitt år
Stillinga inneber arbeid på natt (90%) og langvakter (10%) med arbeid 3.kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
- Målretta miljøarbeid og oppfølging av individuelle planar i direkte arbeid med brukar
- Helsefagleg oppfølging.
- Støtte og rettleiing til brukar.
- Praktiske gjeremål i bustad/uteareal
- Utarbeide, følge opp og evaluere mål- og tiltaksplan
- Bidra til å skape tryggheit og trivsel
- Journalføring. Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk.
Kvalifikasjonar:
- Ønskeleg med autorisasjon som helsefagarbeidar eller fagbrev barne- og ungdomsarbeidar.
- Kunnskap om psykisk helse, målretta miljøterapi eller traumebasert omsorg
- Lang og relevant erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
- Trivast i både hektiske og rolege periodar av arbeidsdagen
- Førarkort klasse B
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før ein tek til i stillinga.
Personlege eigenskaper:
- Interesse for fagfeltet.
- Evne til å arbeide sjølvstendig og i team.
- Evne til å ta imot rettleiing.
- Gode samarbeidsevner og ansvarsbevisst.
- Gode kommunikasjonsferdigheiter
- Positiv og bidra til eit godt arbeidsmiljø
- fleksibel og løysingsorientert
- Roleg og trygg fagperson med god stabilitet og evne til og takle utfordringar over tid.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Kvifor søkje hos oss?
- Interessante, viktige og varierte oppgåver
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Helsefagarbeidar startar på 8 år ansiennitet/ansiennitetstillegg 16 år 15 000,-
Presentasjon av Høyanger som bu- og arbeidsområde:
- Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden
- Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
- Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige.
- Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
- Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
30.03.2026
Tiltreding:
01.06.2026
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Storgata 6993 Høyanger