Høyanger kommune Bjordal skule

Lærar - vikariat

Bjordal skule har ledig 40 % lærarstilling i tidsrommet 27.04.26 – 27.01.2027, vikariat.

Søkjarar må ha godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen. Fagbehova i prioritert rekkjefølgje er matematikk 5-10, naturfag 8-10 og musikk 1-10.  

 

Vi legg vekt på:

 

-          God relasjonskompetanse

-          Positivitet

-          Fagleg engasjement

-          Fleksibilitet

-          Gode samarbeidsevner

 

Høyanger kommune kan tilby:

 

-          Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse” 

-          Lønn etter gjeldande tariffavtale. Rekrutteringstillegg kan tilkomme.

-          Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Det er sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule. 

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Bjordal skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune?  Ta kontakt med Jolanta Førde på tlf. 99116562  eller Aina Brendsdal Forthun på tlf. 99257926 og høyr deira erfaringar

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

12.03.2026

Tiltreding:

27.04.2026

Arbeidsstad:

Bjordal

Kontaktpersonar:

Malin Lunde

tlf: +47 57714270

mob: +47 90634393

Adresse:

Sørsidevegen 3011 5962 Bjordal

Kart: