Helsefagarbeidar
Kommunen har god grunnbemanning både i open omsorg og ved sjukeheimane der vi legg vekt på fagleg utvikling.
Open omsorg Høyanger her ledig 100% fast stilling som helsefagarbeidar frå snarast
Arbeidstid er turnus (langvakter og/eller vanlege dag/ettermiddagsvakter) med arbeid 3. eller 4.kvar helg.
Arbeidsoppgåver:
- sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester ved eininga, og at oppgåver blir utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- dokumentere i kommunen sitt journalsystem
- bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
Kven søkjer vi etter:
Vi søker deg som er fagleg trygg og trivast med travle arbeidsdagar og som ynskjer å bli ein del av eit fagleg spennande og godt arbeidsmiljø. Vi er opptatt av kvalitet og fagutvikling med fokus på å gjere kvarandre gode.
Du må ha autorisajson som helsefagarbeidar (hjelpepleiar ) og må beherske norsk muntleg og skriftleg. Du må og ha førarkort klasse B (fortrinnsvis mannuell gir).
Kvifor søkje stilling hos oss?
- Starter på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet
- 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive og engasjerte og dyktige kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
31.01.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger