Heimehjelp
Ved open omsorg Lavik har vi ledig 100% stilling frå snarast. Arbeidstid: dagtid med arbeid 3. kvar helg (helg kan innehalde ettermiddagsskift).
Stillinga inneber hjelp i heimen til heimebuande brukarar i området Lavik/Lavikdalen/Norevikane/Vadheim.
Oppgåver som ligg til stillinga er husvask, handling, tilrettelegging for måltid og noko arbeid med stell i brukar sin heim/ omsorgsbustad. I helgestillinga er det arbeidsoppgåver knytt til stell og pleie av brukarar i eigen heim/omsorgsbustad.
Vi ynskjer søkjarar som:
- har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
- er serviceorientert
- har god muntleg/skriftleg kunnskap i norsk
- har førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir)
- gjerne har erfaring frå liknande arbeid
Kvifor søkje stilling hos oss?
- God opplæring og rettleiing
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- Triveleg arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.01.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Lavik
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Lavik helse og sosialsenter 6947 Lavik