Høyanger kommune Høyanger kulturskule

Kulturskulelærar

38 % stilling - vikariat. 

 

Kulturskulen har ledig vikariat i 38 % stilling som kulturskulelærar i fløyte-, klarinett- og noko pianoundervisning, oppmøtestad Høyanger. Stillinga er ledig frå snarast og tom 31.07.26. Kan bli forlenga etter dette.

Vi søkjer ein medarbeidar som ønskjer å delta i vidareutvikling av kulturskulen. Stillinga kan delast mellom to søkjarar.

Arbeidsoppgåver:

  • Undervisning av enkeltelevar og grupper innan treblåsinstrument, førebuande musikkundervisning og piano

    • Fløyte: ca 10%
    • Klarinett: ca 10%
    • Piano: ca 10%
    • Førebuande musikkundervisning/musikkleik: ca 7,69%
    • Planlegging og gjennomføring av undervisning og framsyningar
    • Prosjekt i samarbeid med øvrig tilsette i kulturskulen
    • Utviklingsarbeid i kulturskulen
    • Rekruttering av elevar til kulturskulen

    

Kvalifikasjonar: 

  • Ønskeleg med musikkutdanning på høgskulenivå med pedagogikk.
    • Fagønskje:  Fløyte og/eller klarinett som hovudinstrument
    • Søkjarar med liknande utdanningar kan også bli vurdert
    • Ønskjeleg med erfaring frå kulturskule eller liknande arbeid
    • Må kunne undervise på norsk
    • Søkjarar bør ha førarkort kl. B og disponere bil då noko køyring må påreknast

Personlege eigenskapar:

  • Gode samarbeidsevner
  • Positiv og flink til å kommunisere med både born og vaksne
  • Evne til å legge til rette for å utvikle eit miljø som skapar relasjonar, tilhøyre til kulturskulen og motivasjon for læring og utvikling blant elevane
  • Fleksibel i høve arbeidsoppgåver
  • Tek utgangspunkt i den enkelte elev sine evner, føresetnader og ønskjer og er i stand til å tilpasse undervisninga etter dette

Arbeidstida er hovudsakleg i SFO-tid og utover ettermiddag/kveld. Noko arbeid i helg må påreknast.

Det blir kravd politiattest av den som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova

 

 

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Deltid

Arbeidstid:

Varierande arbeidstid

Søknadsfrist:

21.01.2026

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Beate Kjølstad

tlf: +47 57711568

mob: +47 99219371

Adresse:

Høyanger 6993 Høyanger

Kart: