Sjukepleiarar
Kommunen har god grunnbemanning ved sjukeheimane der vi legg vekt på fagleg utvikling. Vi søker deg som er fagleg trygg og trivast med travle arbeidsdagar og som ynskjer å bli ein del av eit fagleg spennande og godt arbeidsmiljø. Vi er opptatt av kvalitet og fagutvikling med fokus på å gjere kvarandre gode.
Vi har ledig heile faste stillingar ved insitusjonane Kyrkjebø og Høyanger sjukeheim.
Kyrkjebø sjukeheim: langtidsavdelingar for demens og somatikk.
Høyanger sjukeheim: avd. for korttids-/rehabiitering, langtidsavdelingar for demens og somatikk.
Institusjonane våre har årsturnus med langvakter og arbeid 4.kvar helg om du ynskjer det.
Arbeidsoppgaver
- utøve sjukepleiefaglige prosedyrer
- vekentleg legevisitt med vår faste tilsynslege, der sjukepleiar har ansvar for å førebu, gjennomføre og følgje opp tiltak etter legevisitt
- legemiddelhåndtering, inkl admininstrere væskebehandling
- utøve praktiske sjukepleiaroppgåver og observere tilstand og behov hjå brukar
- være pådriver for kvalitet i tenesta
- tverrfagleg samarbeide med kommunale instansar og spesialisthelsetenesta,
- ansvar for dokumentasjon i fagprogrammet CosDoc
- veiledning av kollegaer og studentar
Kvalifikasjoner
- autorisasjon som sjukepleiar
- føremon med vidareutdanning innan demensomsorg/ geriatri/lindrande behandling/ rehabilitering
- erfaring frå liknande arbeid er ein føremon
- god norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne
Personlige egenskaper
- positiv, engasjert, fleksibel og har godt humør
- jobber godt sjølvstendig, men liker også å arbeide i team
- bidrar til eit godt miljø for pasientar, pårørande og kollegaer
- tålmodig og trygg
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Kvifor søkje stilling hos oss?
- Fast fulltidsstilling
- Er du nyutdanna starter du på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet
- 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
- Rekrutteringstillegg ved arbeid turnus 20 000,-
- Kompetansetillegg inntil 20 000,- for relevant vidareutdanning
- Fokus på fagutvikling der inkludering og kunnskapsdeling er viktig
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen er hjelpsam med å skaffe bustad
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest.
Meir informasjon om Høyanger?
Sjå https://www.sognefjord.no/fjordbygder/hoyanger
Del på:
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
05.01.2026
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Høyanger/Kyrkjebø