Avdelingsleiar open omsorg
Open Omsorg Lavik yter heimebaserte tenester til brukarar som er busett i området Lavik/Lavikdalen og Vadheim. Tenesta er lokalisert i Lavik helse og sosialsenter, er heildøgnsbemanna og fungerer som basen for heimesjukepleien. Der er det 10 omsorgsbustadar og ein korttidsplass. Avdelinga har om lag 21 tilsette (inkludert heimehjelp og merkantil ressurs)
Vi har ledig 100% stilling som avdelingsleiar
Vi søkjer deg som har stort engasjement for kvalitet og som ser høg verdi i tverrfagleg samarbeid. Helse og omsorg er i stadig utvikling og ei viktig oppgåve er utvikling av tenestene ved bruk av moglegheiter som ligg i velferdsteknologi og digitalisering.
Som leiar med personalansvar ser du dine medarbeidarar og er opptatt av å legge til rette for eit godt arbeids- og fagmiljø. Hovudfokus er å kunne har eit best mogeleg grunnlag for å yte gode tenester til våre brukarar i tett samarbeid med einingsleiar for institusjon.
Avdelingsleiar deltar i drift ved behov som ved stort arbeidspress, sjukefråvær og ferieavvikling
Kva får du ansvar for:
- organisere og prioritere avdelinga sine tilbod og aktivitetar i samsvar med einingsleiar sine prioriteringar og nytte avdelinga sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver.
- fagleg ansvar for kvalitet og tenesteutvikling i avdelinga.
- Dagleg drift med personalansvar for alle personalgrupper i avdelinga. Ansvar for utarbeiding av turnus saman med tillitsvalde
- syte for at avdelinga sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll.
- organisere og kvalitetssikre intern opplæring/undervisning som er fastlagd i planer og vedtak i Høyanger kommune.
- sikre at alle nytilsette får tilfredsstillande innføring i avdelinga sine faglege og administrative rutinar.
- rapportere driftsavvik i samsvar med Høyanger kommune sine rutinar og syte for naudsynte tiltak for å førebyggje driftsavvik.
Kvalifikasjonar:
Utdanning som sjukepleiar. Andre faggrupper som vernepleiar og helsefagarbeidarar kan og søkje. Relevant leiarerfaring er ein føremon. Førarkort kl B.
Personlege eigenskapar:
- gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- tillitsskapande med høg integritet
- fleksibel og endringsorientert
- tydeleg og god på å prioritere
- engasjert og nytenkjande
- evne å motivere tilsette
Personlege eigenskaper vert vektlagt.
Kvifor søkje jobb hos oss:
- interessante og spennande arbeidsoppgåver
- konkurransedyktig lønn
- rettleiing
- flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ mot bindingstid
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
04.01.2026
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Lavik
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Lavik helse og sosialsenter 6947 Lavik