Høyanger kommune Helsestasjon

Helsesjukepleiar

Høyanger helsestasjon har både helsesjukepleiar, jordmor og sjukepleiar i avdelinga. Hovudkontor  ligg i Høyanger med to utekontor - i Lavik og Søreide.
Det er omlag 25 fødsler i året, barnekulla er fint fordelt utover i kommunen. Kommunen har 4 grunnskular og ein vidaregåande skule. I tillegg har vi Helsestasjon for Ungdom 1 g/veke.

Helsestasjon er ein allsidig arbeidsplass, med mange spennande arbeidsoppgåver, og vi samarbeider med mange ulike aktørar i kommunen. Vi har eit godt  og ungt arbeidsmiljø der vi også har fleire faste sosiale samlingar i løpet av året .

 Vi har ledig fast 100% stilling frå snarast. 

Er du ein sjukepleiar som ynskjer å ta helsesjukepleiarutdanning på deltid? Vi vil kunne legge til rette for dette mot bindingstid etter fullført utdanning.

 

Arbeidsoppgåver:

  • oppfølging av barn og familie
  • skulehelseteneste
  • psykososialt arbeid
  • informasjonsarbeid/helseopplysning/ undervisning

 

Vi ønskjer søkjarar som:

  • har utdanning som helsesjukepleiar og som er fagleg engasjert med fokus på kvalitet
  • evt er sjukepleiar som ynskjer å ta helsesjukepleiarutdanning på deltid.  Vi vil kunne legge til rette for dette mot bindingstid etter fullført utdanning.

 

Personlege eigenskaper:

  • møter brukar og pårørande på ein open og respektfull måte
  • tek ansvar for eigen fagleg utvikling og medverkar til eit godt arbeidsmiljø.
  • er målretta og arbeider systematisk, både sjølvstendig og i team
  • gode norsk skriftleg og munnleg framstillingsevne
  • førarkort klB (fortrinssvis manuell gir)

 Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Eit triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
  • Lønn etter tariff
  • God pensjonsordning gjennom KLP
  • Sjukepleiar / helsesjukepleiar starter med avlønning på 8 års ansiennitet

Den som vert tilsett må legge fram godkjend politiattest før tiltreding.

 

 

 

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

20.02.2026

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Margrethe Vie Myren

Stilling: Einingsleiar

mob: +47 48078851

Adresse:

Storgata 6993 Høyanger

Kart: