
Kommuneoverlege
Kommuneoverlege
Legetenesta i Høyanger er eit veletablert legekontor med 5 fastlegeheimlar, 1 LIS-1 lege, sjukepleiarar og helsesekretærar.
Legetenesta har to utekontor som er plassert i Lavik og på Sørsida. Legetenesta deltek i interkommunal legevakt og samarbeider om miljøretta helsevern med 8 andre kommunar.
Vi har ledig 50 % fast stilling som kommuneoverlege.
Stillinga er administrativt organisert under kommunalsjef helse og omsorg , men er rådgjevar for heile kommunen i helsefaglege spørsmål.
Kommuneoverlegen er viktig i det tverrfaglege folkehelsearbeidet i kommunen, i kommunal planlegging og i styringsdialog med fastlegane i kommunen.
Vi søker ein kommuneoverlege som er fleksibel og open for ein hektisk arbeidskvardag med varierte arbeidsoppgåver. Nokre oppgåver er langsiktige og strategiske, medan andre er utløyst av fortløpande hendingar.
Arbeidsoppgåver
Følgje ny nasjonal rettleiar for samfunnsmedisinsk arbeid i kommunen og kommunelegefunksjonenveiledar gjeldande frå mai 2025, og m.a med :
- Kvalitet- og utviklingsarbeid
- Samhandling med kommunale tenester, legevakt og spesialisthelsetenesta
- Andre oppgaver innen samfunnsmedisinsk og administrativt arbeidsområde
- Medisinsk fagleg rådgjevar
- Fylle dei lovpålagte funksjonar som går fram av Helse- og omsorgstjenestelova, folkehelselova, smittevernlova, helseberedskapsloven og regelverk som følger av desse.
- Medverke til helsetenesta sitt system for planarbeid, rapportering og kvalitetssikring, samt helse- og sosial beredskap
Arbeidsoppgavene vil kunne endrast i takt med endra behov.
Kvalifikasjoner
- Offentlig godkjent lege med norsk autorisasjon.
- Spesialist eller under spesialisering i samfunnsmedisin. Ved ikkje påbegynt spesialisering vil det bli lagt tilrette for slik spesialisering.
- God kjennskap til kommunal organisering og planarbeid
- God kjennskap til kommuneoverlegen sine oppgaver i lov og forskrift
- Erfaring som kommuneoverlege og/eller arbeid med folkehelse og smittevern er ein føremon
- Gode norskkunnskaper, god muntlig og skriftlig fremstillingsevne
- Førarkort kl B
Personlige egenskaper
- Du må like å arbeide tverrsektorielt og saman med ulike yrkesgrupper.
- Trivast i rolla som rådgjevar og rettleiar
- Er god til å ta initiativ, ha evne til å tenke utvikling samt gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Evne til å arbeide sjølvstendig, målretta og strukturert
Vi legg vekt på personlege eigenskapar
Del på:
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Deltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
15.10.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger