
Psykolog - vikariat
Høyanger kommune har dei siste åra satsa på psykisk helse og har i dag lågterskel behandlingstilbod til både barn og vaksne. Vidare vert der satsa på å styrke kompetansen og forståinga av psykiske utfordringar på tvers av dei kommunale sektorar. Tverrfagleg samarbeid mellom psykolog, helsesjukepleiar, barnevern, open omsorg, psykiatritenesta og oppvekst er eit sentralt satsingsområde.
I Høyanger kommune vil du inngå i vårt psykologteam, der du vil vere med og forme ein klar psykologfagleg profil for kommunen. Det er metodefridom, og du vil motta jevnleg intern og ekstern veiledning for å sikre høg fagleg kompetanse og fagleg tryggleik i tenesta.
Du vil arbeide klinisk med pasientar med milde til moderate psykiske lidingar, både med barn, unge og vaksne pasientar. Intervensjonsforma vil vere avhengig av problemstillinga og fagleg tilnærming, og kan for eksempel vere individuell terapi, terapi med familie eller par, oppfølging av familie, systemarbeid eller systemisk terapi. Vidare vil ein viktig del av arbeidet bestå av veiledning og undervisning av andre faggrupper.
Høyanger kommune vil bli vertskommune og faghub for eit interkommunalt samarbeid rundt kommunepsykologtenester, som gjev oss moglegheita til å skape eit sterkt psykologfellesskap i kommunen og sikre høg fagleg kvalitet på tenesta.
Vi har ledig 100% stilling som psykolog / psykologspesialist - vikariat frå 01.08.25 til 01.01.26
Kvalifikasjonskrav for stillinga
- Utdanning som psykolog eller psykologspesialist
- Erfaring frå primær- eller spesialisthelsetenesta er ein føremon
- Interesse for fagutvikling
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg med god framstillingsevne
- Personlege eigenskapar som initiativrik, engasjert, fleksibel og strukturert
- Må ha sertifikat klasse B
Vi tilbyr
- Gode arbeidsforhold med et aktivt og engasjert arbeidsmiljø
- Jevnlig veiledning
- Konkurransedyktig lønn
- Hjelp til å skaffe bustad
- Veliledning og deltaking i relevante faglege nettverk.
Tilsetting skjer på vanlege kommunale vilkår ut frå gjeldande lover, regler og avtaleverk, pensjonsordning (KLP). Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest
Del på:
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
24.06.25
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Storgata 6993 Høyanger