
Badebetjent
Er du glad i å arbeide med folk, trivst i eit aktivt miljø og ynskjer ein variert kvardag? Då kan du være badebetjenten vi søkjer etter!
Høyangerbadet søkjer ein engasjert og serviceinnstilt medarbeidar til 100 % fast stilling som badebetjent frå snarast. Du vil ta del i eit triveleg team, som jobbar for trivsel, gode opplevingar og ikkje minst tryggleik til våre badande gjester.
Arbeidstid: Turnus, dag- og kveldstid, samt arbeid 3.kvar helg helg etter oppsett turnusplan.
Høyangerbadet er eit moderne badeanlegg som ligg sentralt til i Høyanger tettstad, og er eit populært tilbod både for innbyggjarane og tilreisande. Anlegget består av 25-meters basseng, barnebasseng, stupetårn, vass-sklie, terapibasseng, ute basseng og kafé m.m. Anlegget vert nytta av skular, barnehagar og institusjonar på dagtid, og held ope for badande gjestar på ettermiddag og helg.
For meir info om anlegget sjå heimesida via lenka:
https://www.hoyanger.kommune.no/hoyangerbadet/
Arbeidskvardagen vil bestå av:
- Tilsyn med badande gjestar og bassengområdet
- Kafédrift og billettsal
- Kontroll av teknisk anlegg
- Drift og vedlikehald
- Bidra til eit trygt og servicevennleg miljø for våre besøkande
Krav til søkjar:
- Søkjar må være over 18 år
- Søkjar må være symjedyktig
- Bestå dykkartest/livredningsprøve
- Norsk munnleg framstillingsevne
Vi søkjer deg som:
- Er fleksibel, ryddig og ansvarsbevisst
- Initiativrik, løysingsorientert og serviceinnstilt
- God kommunikasjons- og samarbeidsevne
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
16.06.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
https://hoyangerbadet.no/Adresse:
Hjetland 4 6993 Høyanger