
Lærarar
Høyanger skule har ledig 300 % faste lærarstillingar frå 01.08.25.
Krav til søkjarar:
- Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen, med 60 studiepoeng i norsk, engelsk og/eller matematikk. Andre fagønskjer er spesialpedagogikk, musikk og kunst og handverk.
Vi ønskjer søkjarar som har:
- Erfaring frå klasseleiing
- God digital kompetanse
- God relasjonskompetanse
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Høyanger kommune kan tilby:
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
- Høve til kompetanseutvikling
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Hjelp til å skaffe kommunal bustad
Dei som blir tilsette må framvise gyldig politiattest før oppstart.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Høyanger skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Erik Veum på telefon 97073335 og høyr erfaringane hans
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
09.06.2025
Tiltreding:
01.08.2025
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Heimeside:
http://www.hoyanger.skule.noAdresse:
Wilhelm Bugges veg 6993 Høyanger