Høyanger kommune Bu- og miljøtenesta

Miljøterapeut (vernepleiar/sjukepleiar)

Bu- og miljøtenesta i Høyanger søkjer etter ein engasjert miljøterapeut som vil bli ein del av vårt fagteam. Tenesta er veksande og i utvikling, blant anna ved at kommunen er i gang med å planlegge nye bustadar, personalbase og avlastningsbustad for menneske med nedsett funksjonsevne. I vår avdeling vil du ha 20 flotte kollegaer å samarbeide med og du vil ha variert arbeid beståande av brukerretta miljøarbeid og administrative oppgåver. Vi yter tenester i heimen til brukarane og vi jobbar både med born og vaksne. 

Vi har ledig 100% fast stilling frå 01.08.2025. 
Stillinga som miljøterapeut inngår i todelt turnus med arbeid 3.kvar helg. Vi arbeider med utprøving av langvakter for dei som ynskjer dette.

 Vi ser etter ein person som kan arbeide sjølvstendig og målretta med oppgåver som vert tildelt, men også ta initiativ til kvalitetsarbeid og utvikling av tenesta i tråd med våre mål.

 Arbeidsoppgåver:

  • Journalføring, dokumentasjon og sakshandsaming
  • Utarbeide, følge opp og evaluere mål- og tiltaksplan
  • Målretta miljøarbeid i direkte arbeid med brukar
  • Sikre at ein følger gjeldande lovverk, vedtak og bestemmingar
  • Samarbeid og koordinering med andre einingar
  • Legemiddelhandtering

 Krav til stillinga:

  • Vi søkjer fortrinnsvis etter vernepleiar/sjukepleiar. Anna relevant høgskuleutdanning kan bli vurdert.
  • Vidareutdanning eller erfaring med arbeid med personar med autisme og psykisk utviklingshemming er ønskeleg
  • Inneha kunnskap om målretta miljøarbeid
  • Førarkort klasse B

Den som vert tilsett må legge fram tilfredstillande politiattest.

 

 Personlige egenskaper:

  • Gode kommunikasjonsferdigheter
  • Sjølvstendig, initiativrik og ein pådrivar for fagleg utvikling
  • Ein god lagspelar som bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel og løysingsorientert

 Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

 Vi tilbyr:

  • Ein fagleg utfordrande stilling
  • Vere med å bygge opp og utvikle fagteamet i avdelinga
  • Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar
  • Gode påverkningsmoglegheiter
  • Løn etter gjeldande tariff. Sjukepleiarar/vernepleiarar har rekrutteringstillegg på kr 20 000,- ved arbeid i turnus.
  • Sjukepleiar/vernepleiar startar på 8 år ansienniet. 15 000,- lokalt tillegg på 16 år ansiennitet.

 Meir informasjon om Høyanger: https://www.sognefjord.no/fjordbygd/hoyanger/

  

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

05.06.2025

Tiltreding:

01.08.2025

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Camilla Skilbrei

mob: +47 99219315

Einingsleiar Benedicte Valsvik

mob: +47 99219330

Adresse:

August Gunnarskogs gate 0000 Høyanger

Kart: