Høyanger kommune Høyanger kommune

Lærarar - norsksenteret

Høyanger kommune har ledig inntil 200 % faste stillingar frå 01.08.25. for lærarar på norsksenteret.

Undervisning i norsk og samfunnsfag for nykomne flyktningar. Dei som vert tilsette må også ta høgde for å arbeide i grunnskulen, då elevtal og behov på norsksenteret vil kunne variere.


Krav til søkjarar:


• Godkjent undervisningskompetanse for grunnskulen med norsk i fagkrinsen – inkl norsk som andrespråk (norsk II)

 

Vi ønskjer søkjarar som har


• Engelsk, samfunnsfag og spesialpedagogikk i fagkrinsen
• Erfaring frå klasseleiing
• God digital kompetanse
• God relasjonskompetanse
• Fagleg engasjement
• Fleksibilitet
• Gode samarbeidsevner

 

Høyanger kommune kan tilby:


• Høve til kompetanseutvikling
• Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
• Flyttegodtgjersle etter kommunalt regulativ
• Lønn etter gjeldande tariffavtale
• Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Kvifor Høyanger?


• Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi

• Eit rikt kultur-, lag- og organisasjonsliv

• Fokus på samskaping og samarbeid

• Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, symjehall m.m.

 

Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg. Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Politiattest må leggast fram for dei som blir tilsette.

For spørsmål om stillingane, kontakt avdelingsleiar Morten Ivar Torvund på tlf 91777760 eller rektor Gro Nes Hommedal på tlf 90735450

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

29.04.2025

Tiltreding:

01.08.25

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Avdelingsleiar Morten Ivar Torvund

mob: +47 91777760

Adresse:

August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger

Kart: