Høyanger kommune Open omsorg Høyanger

Helsefagarbeidar

Kommunen har god grunnbemanning både i open omsorg og ved sjukeheimane der vi legg vekt på fagleg utvikling. Kommunen er i ferd med å starte opp dagtilbod for heimebuande demente med lokaler i Høyanger helse og sosialsenter. Hovuddelen av stillinga vil ha arbeidsoppgåver knytt til dette dagtilbodet.  

Vi har ledig 100% fast stilling frå snarast.

Arbeidstid: dagtid med arbeid 3.kvar helg. Arbeid på helg vil være ved heimesjukepleien.

 Arbeidsoppgåver:

  • sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester ved eininga, og at oppgåver blir utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
  • utøve trygg og god personsentrert omsorg
  • gjennomføre kartlegging og risikovurdering
  • observere og dokumentere i kommunen sitt journalsystem
  • bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar

Kven søkjer vi etter: 


Vi søker deg som er fagleg trygg og trivast med travle arbeidsdagar og som ynskjer å bli ein del av eit fagleg spennande og godt arbeidsmiljø. Vi er opptekne av kvalitet og fagutvikling med fokus på å gjere kvarandre gode.

Du må ha autorisasjon som helsefagarbeidar og må beherske norsk muntleg og skriftleg. Du må ha førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir). Det er ein føremon med erfaring og/eller vidareutdanning fra demenssjukdom / arbeid med utfordrande adferd.

Personlege eigenskaper:

  • må være fagleg engasjert og trygg i rolla som fagperson
  • ha interesse for arbeid med menneske med demens
  • må tåle å jobbe i krevande situasjonar
  • god til å arbeide sjølvstendig og i team

 Kvifor søkje stilling hos oss?

  • Startar på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet
  • 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
  • God opplæring og rettleiing
  • Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive, engasjerte og dyktige kollegaer
  • gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen er hjelpsam med å skaffe bustad
  • Dekking av flytteutgifter mot bindingstid

Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

04.05.2025

Tiltreding:

snarast

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Einingsleiar Oddveig Eide

tlf:

mob: +47 99219305

Adresse:

August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger

Kart: