
Einingsleiar bygg og eigedom
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom privat næringsliv, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen.
Vil du bli leiar innan samfunnsutvikling, beredskap og eigedomsforvaltning?
Vil du vere ein sentral leiar for utviklinga av kommunens eigedommar og beredskapstenester? Vi søkjer ein dyktig og engasjert Einingsleiar for Bygg og Eigedom, som vil leie ein viktig del av kommunen sitt tenestetilbod og bidra til tryggleik og utvikling av offentlege tenester.
Du rapporterer til, og inngår i leiargruppa til kommunalsjef Samfunn.
I denne stillinga vil du ha det overordna ansvaret for utvikling og forvaltning av kommunens bygg og eigedommar, samt ansvaret for fleire viktige tenester som beredskap, reinhald og vaktmeistrar. Du vil leie ei engasjert eining med omlag 35 årsverk, frivillige brannmannskap, og du blir ein nøkkelperson i utviklinga av tenestene kommunen tilbyr.
Du vil vere ansvarleg for:
- Overordna fag-, budsjett- og resultatansvar for avdelingane Beredskap, Reinhald og Vaktmeistrar, inkludert Høyangerbadet.
- Personalansvar for tre avdelingsleiarar som rapporterer direkte til deg.
- Leiing og oppfølging av avdelingsleiarane for å sikre god drift og forventa sluttleveransar.
- Identifisere, kartlegge og gjennomføre forbetringstiltak og oppdatering av planar
- Implementere og følgje opp vedtekne planar, prosjekt og budsjettvedtak
- Aktivt samarbeide med og ha dialog med leigetakarar og andre interessentar for å sikre gode tenester og fornøgde brukarar.
Kvalifikasjonskrav:
- Relevant høgskule- eller universitetsutdanning innan bygg og anlegg, eigedom eller liknande fagområde med minimum bachelornivå er ønskeleg. Lang og relevant erfaring innanfor fagområde kan vege opp for manglande utdanning.
- Leiarerfaring frå relevante område, helst med erfaring i å leie andre leiarar og/eller gjennomføre komplekse prosjekt
- God økonomiforståing og erfaring med budsjettstyring og resultatoppfølging.
- Ønskjeleg med erfaring frå offentleg forvaltning, HMS, kvalitetskontroll og ROS
- Du har evne til å tenke strategisk og handlingsorientert, og drives av å finne løysingar og levere konkrete sluttresultat.
- Motivert til å ta i bruk nye digitale verktøy for kontinuerleg forbetring.
Personlege eigenskapar:
- Du er sjølvstendig, initiativrik og strukturert i måten du jobbar på.
- Du har ein sterk gjennomføringsevne og evne til å motivere og engasjere ditt team .
- Du kommuniserer godt både munnleg og skriftleg, og skapar tillit blant kollegaer, interessentar og samarbeidspartnarar.
Vi tilbyr:
- Ein sentral leiarstilling i ein utviklingsorientert kommune med fokus på samskaping og samarbeid
- Lønn etter avtale, med gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
Vi søkjer deg som er engasjert i samfunnsutvikling og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptatt av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Meir informasjon?
Stillinga rapporterer til kommunalsjef for samfunn Jan Kaare Hellevang tlf. 958 86 797
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
05.05.2025
Tiltreding:
Snarast
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Kommunalsjef Jan Kaare Hellevang
mob: +47 95886797
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Aug. Gunnarskogsgt. 6993 Høyanger