
Lærar - vikariat
Lavik skule har ledig vikariat i 100 % stilling i tidsrommet 01.08.25 – 31.07.26. Undervisning hovudsakleg 5.- 10.klasse.
Vi ønskjer søkjarar som har norsk, engelsk, naturfag og musikk i fagkrinsen sin.
Vi legg vekt på:
- God relasjonskompetanse
- Positivitet
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Høyanger kommune kan tilby:
- Høve til kompetanseutvikling
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”
- Lønn etter gjeldande tariffavtale
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.
Det er også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule.
Politiattest må leggast fram før tilsetting for den som blir tilsett.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss på Lavik skule eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Trine Deisz Haugsbø på tlf. 90191840 og høyr hennar erfaringar.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
26.03.2025
Tiltreding:
01.08.25
Arbeidsstad:
Lavik
Kontaktpersonar:
Rektor Målfrid Førde
mob: +47 48139265
Heimeside:
http://www.lavik.skule.noAdresse:
Lavik 6947 Lavik