Kulturmedarbeidar
100% fast stilling er ledig frå snarast. Stillinga er organisert i eininga kultur og mangfald, og det er utstrakt samarbeid på tvers i eininga. Dette omfattar kino, integrering, BUA, Frivilligsentralen, HAAS, bibliotek inkludert turistinformasjon, folkehelse, Industristadmuseet, Gunnar S. galleriet og ungdomsklubben.
Vil du?
- Jobbe med kino og kultur?
- Er du god i den digitale verda?
- Samarbeide tett med kommunale einingar, frivillige lag og organisasjonar og næringsliv?
- Jobbe målretta og fagleg med utvikling av kulturtilboda i heile kommunen?
- Legge til rette for innbyggarmedverknad og samhandling?
- Førebu og skrive saksframlegg for politisk handsaming?
- Jobbe med saker som gjeld tilskotsmidlar?
- Delta i og leie prosjekt- og utviklingsarbeid innanfor fagområda?
- Delta i opplæringsaktivitetar i eininga?
Arbeidet i stillinga er svært variert og sjølvstendig. Aktiv oppfølging av Høyanger kommunale kino med alt administrativt, teknisk og praktisk rundt kinoframsyningane ligg til stillinga. Dette inneber arbeid på ettermiddag/kveld og nokre helgar. Vidare får du ei nøkkelrolle i det generelle kulturarbeidet i kommunen. Søkjarar må i tillegg ved behov kunne jobbe på BUA med utlån av fritidsutstyr, ungdomsklubben, museum/galleri og hovudbibliotek inkludert turistinformasjon.
Høyanger kommune har store moglegheiter inn i det grøne skiftet og mot sirkulærøkonomi. Industristaden Høyanger har rein, fornybar vasskraft og vi har infrastruktur som topp moderne industrianlegg.
Vi satsar på kultur og folkehelse, og vi dyrkar samspelet mellom det profesjonelle, kommunen og dei frivillige. Vi jobbar for å skape eit inkluderande og aldersvenleg samfunn, med fokus på universell utforming og gode møteplassar.
Vi har som mål å styrke attraktiviteten til kommunen, og sikre at det er godt å både bu, besøke og å drive næring i heile kommunen. Her kjem du inn i bildet!
Kvifor Høyanger?
- Stor aktivitet innanfor næringslivet med fokus på den grøne skifte og sirkulærøkonomi
- Eit rikt lag- og organisasjonsliv
- Fokus på samskaping og samarbeid
- Topp moderne treningssenter, ski- og turløyper, idrettsanlegg, m.m.
Kvifor søkje hos oss?
- Varierte arbeidsoppgaver med spennende faglige utfordringer i eininga kultur og mangfald
- Kompetente kollegaer i eit etablert fagmiljø
- Moglegheit til å påverke eigen arbeidsdag og utvikle eigen kompetanse
- Fleksitid
Vi ser for oss at du har
- Utdanning på høgskulenivå, minimum bachelor, innan fagfelt som t.d kultur/økonomi og administrasjon/marknadsføring. Lang og relevant erfaring med arbeidsoppgåvene kan kompensere for manglande formell utdanning
- God formidlingsevne munnleg og skriftleg
- Strukturert tilnærming til arbeidet
- Erfaring frå publikumsbehandling
- God digital kompetanse
- Førarkort for bil
- Moglegheit for å jobbe ettermiddag/helg
Vi søkjer deg som er engasjert i utvikling av Høyanger kommune og likar å finne løysingar i samarbeid med andre. Vi er opptekne av god service til innbyggjarane våre. Det må du også vere!
Den som blir tilsett må levere godkjend politiattest før oppstart, sidan oppdrag i ungdomsklubben kan bli aktuelt for stillinga.
Ved spørsmål om stillinga, kontakt einingsleiar kultur og mangfald Jeanette Wølke Friis Walsvik på tlf. 90076139.
Lurer du på korleis det er å jobbe hos oss eller korleis det er å bu i Høyanger kommune? Ta kontakt med Kristina Skogly på tlf. 41412629 eller Elias Zimmermann Espeseth på tlf. 99219343 og høyr deira erfaringar.
Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events
Meir om korleis Høyanger kommune skal arbeide med samfunnsutvikling dei neste åra finn du her:
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege, sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit blir handsama i tråd med offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Varierande arbeidstid
Søknadsfrist:
04.02.2025
Arbeidsstad:
Høyanger
Kontaktpersonar:
Einingsleiar Jeanette Wølke Friis Walsvik
mob: +47 90076139
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger