Avdelingsleiar helse og omsorg
Open Omsorg Sørsida yter heimebaserte tenester til brukarar som er busett mellom Ikjefjord og Ortnevik. Sørsida Bygdetun er heildøgnsbemanna og fungerer som basen for heimesjukepleien. Der er det 10 omsorgsleiligheter og 1 kortidsplass. Avdelinga har omlag 12 tilsette.
Vi har ledig 100% stilling som avdelingsleiar - vikariat frå mars 2025 og i omlag i eitt år. Stillinga inneber både administrasjon og sjukepleiaroppgåver i eininga. Stillinga inneber arbeid på dagtid. Høyanger kommune kan tilby fast stilling som sjukepleiar eller helsefagarbeidar (i turnus) etter endt vikariat.
Ansvar og arbeidsoppgåver:
- organisere og prioritere eininga sine tilbod og aktivitetar i samsvar med einingsleiar sine prioriteringar og nytte eininga sine tildelte ressursar innan prioriterte oppgåver.
- fagleg ansvar for kvalitet og tenesteutvikling i eininga
- Dagleg drift med personalansvar for alle personalgrupper i eininga. Ansvar for utarbeiding av turnus saman med tillitsvalde
- syte for at eininga sine gjeremål er kvalitetssikra gjennom rutinar for arbeidsfordeling, faglege og administrative prosedyrar og internkontroll.
- organisere og kvalitetssikre intern opplæring/undervisning som er fastlagd i planer og vedtak i Høyanger kommune.
- sikre at alle nytilsette får tilfredsstillande innføring i eininga sine faglege og administrative rutinar.
- rapportere driftsavvik i samsvar med Høyanger kommune sine rutinar og syte for naudsynte tiltak for å førebyggje driftsavvik.
- kjenne til og følgje gjeldande lov- og avtaleverk for arbeidslivet og Høyanger kommune sine
- personalpolitiske mål samt føre desse ut i praksis i avdelinga, herunder gjennomføre vedteke retningslinjer for HMT- arbeidet
Kompetansekrav:
Utdanning som sjukepleiar. Andre faggrupper som vernepleiar, sosionom og helsefagarbeidarar kan og søkje. Relevant leiarerfaring er ein føremon. Førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir).
Personlege eigenskapar:
- gode kommunikasjons- og samhandlingsevner
- tillitsskapande med høg integritet
- fleksibel og endringsorientert
- tydeleg og god på å prioritere
- god økonomiforståing
- engasjert og nytenkjande
- evne å motivere tilsette
Vi kan tilby
- interessante og spennande arbeidsoppgåver
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
31.01.2025
Tiltreding:
mars 2025
Arbeidsstad:
Bjordal
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Ingrid Opheim Heggli
mob: +47 99219326
Einingsleiar open omsorg Oddveig Eide
mob: +47 99219305
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Sørsida bygdetun 5962 Bjordal