
Ynskjer du ferievikariat med bonus ?
Ferievikarar helse og omsorg
Vi treng ferievikarar innan tenesteområdet helse og omsorg. Vi har ledige ferievikariat ved desse einingane:
- Institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim)
- Open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida)
- Bu- og miljøtenesta Høyanger og Lavik
- Sentralkjøkken
Vi treng vikarar i tidsrommet medio juni til medio august med hovudvekt på juli månad. Søkjarar som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vert prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.
Vi treng følgjande stillingsgrupper:
Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleie/vernepleiestudentar, miljøarbeidarar, heimehjelp og assistentar. For stillingar innan sjukeheimar, open omsorg og bu- og miljøtenesta
er arbeidstid i turnus med arbeid minimum 3.kvar helg.
Vi kan tilby god og trygg opplæring før oppstart. Du må være fleksibel, ha gode samarbeidsevner, kunne arbeide sjølvstendig og beherske norsk muntleg og skriftleg.
Søkjarar til open omsorg må ha førarkort kl. B (fortrinnsvis manuell gir).
Politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Løn etter tariff. Sjukepleiar og vernepleiarstudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.
Bonusordning:
5 veker arbeid i perioden 21.06.25 - 17.08.25: 5000,- (minimum 80% stilling)
Ytterlegare 1000,- kvar veke for arbeid veke 6. og 7.
Del på:
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Kontrakt-/prosjektbasert
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
30.04.2025
Arbeidsstad:
Høyanger/Kyrkjebø/Høyanger sørside/Lavik
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Storgata 6993 Høyanger