Helsefagarbeidarar
Kommunen har god grunnbemanning både i open omsorg og ved sjukeheimane der vi legg vekt på fagleg utvikling.
Vi har ledig følgjande stillingar ved open omsorg:
- 100% fast stilling - Sørsida frå snarast
- 100% fast stilling - Lavik frå snarast
- 100% stilling vikariat frå januar 2025 og i eitt år - Høyanger
Arbeidstid: turnus med arbeid 3.kvar helg. Alle avdelingane held på med innføring av ny arbeidstidsordning der det kan leggast til rette for langvakter dersom ein ynskjer det.
Arbeidsoppgåver:
- sikre forsvarlege pleie- og omsorgstenester ved eininga, og at oppgåver blir utført i tråd med kvalitetskrav og lovverk
- dokumentere i kommunen sitt journalsystem
- bidra til godt samarbeid med brukarar, pårørande og andre tenesteytarar
- rettleiing til praksiselevar
Vi søkjer deg som:
- har utdanning/autorisasjon som helsefagarbeidar (hjelpelpeiar)
- har evne til å jobbe sjølvstendig og på lag med andre
- er positiv, samarbeidsvillig og serviceorientert
- behersker norsk skriftleg og munnleg
- førarkort kl B (fortrinnsvis manuell gir).
Kvifor søkje stilling hos oss?
- Fast fulltidsstilling
- Starter på avlønning tilsvarande 8 års ansiennitet (for ansiennitet 0-8 år)
- 15 000,- i tillegg til tarifflønn ved 16 års ansiennitet
- Spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
- triveleg og hektisk arbeidsmiljø med aktive og engasjerte og dyktige kollegaer
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunen er hjelpsam med å skaffe bustad
- Dekking av flytteutgifter mot bindingstid (for faste stillingar)
Den som vert tilsett må legge fram tilfredsstillande politiattest før oppstart i stilling
Vel avdelinga nedanfor for å starta appen:
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Fast
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
15.12.2025
Tiltreding:
snarast
Arbeidsstad:
Høyanger/Lavik/Sørsida