Lærar
Lavik skule har ledig vikariat i 100 % stilling i tidsrommet frå snarast til og med 31.07.25.
Vi ønskjer søkjarar som har norsk, engelsk, naturfag og samfunnsfag for ungdomsskulen i fagkrinsen sin.
Vi legg vekt på:
- God relasjonskompetanse
- Positivitet
- Fagleg engasjement
- Fleksibilitet
- Gode samarbeidsevner
Høyanger kommune kan tilby:
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Lokal avtale om ”Kompensasjon for erverva kompetanse”.
- Lønn etter gjeldande tariffavtale.
Den som blir tilsett må ha godkjent undervisningskompetanse for tilsetting i grunnskulen.
Det er også sterkt ønskjeleg at søkjarar har god digital kompetanse, erfaring frå klasseleiing og undervisning ved få-delt skule.
Politiattest må leggast fram før tilsetting for den som blir tilsett.
Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Vikariat
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Dag
Søknadsfrist:
12.11.2024
Arbeidsstad:
Lavik
Kontaktpersonar:
Rektor Målfrid Førde
mob: +47 48139265
Heimeside:
http://www.lavik.skule.noAdresse:
Lavik 6947 Lavik