Høyanger kommune Bu- og miljøtenesta

Miljøterapeut

Bu- og miljøtenesta i Høyanger søkjer etter ein engasjert miljøterapeut som vil bli ein del av vårt fagteam. Tenesta er veksande og i utvikling, blant anna ved at kommunen er i gang med å planlegge nye bustadar, personalbase og avlastningsbustad for menneske med nedsett funksjonsevne. I vår avdeling vil du ha 20 flotte kollegaer å samarbeide med og du vil ha variert arbeid beståande av brukerretta miljøarbeid og administrative oppgåver. Vi yter tenester i heimen til brukarane og vi jobbar både med born og vaksne. Stillinga som miljøterapeut inngår i todelt turnus, og ein må pårekne arbeid kvar tredje helg.  

Vi har ledig 100 % fast stilling frå 1.februar 2025

Vi ser etter ein person som kan arbeide sjølvstendig og målretta med oppgåver som vert tildelt, men også ta initiativ til kvalitetsarbeid og utvikling av tenesta i tråd med våre mål.

 

Arbeidsoppgåver:

  • Journalføring, dokumentasjon og sakshandsaming 
  • Utarbeide, følge opp og evaluere mål- og tiltaksplan
  • Målretta miljøarbeid i direkte arbeid med brukar
  • Sikre at ein følger gjeldande lovverk, vedtak og bestemmingar
  • Samarbeid og koordinering med andre einingar
  • Legemiddelhandtering

 
Krav til stillinga:

  • Vi søkjer fortrinnsvis etter vernepleiar/sjukepleiar. Dersom ikkje søkjarar med relevant utdanning kan anna høgskuleutdanning bli vurdert.
  • Vidareutdanning eller erfaring med arbeid med personar med autisme og psykisk utviklingshemming er ønskeleg
  • Inneha kunnskap om målretta miljøarbeid
  • Førarkort klasse B
  • Krav om politiattest

 

Personlige egenskaper:

  • Du må være omsorgsfull
  • Ha gode kommunikasjonsferdigheiter
  • Sølvstendig, initiativrik og ein pådrivar for fagleg utvikling
  • God lagspelar og bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Fleksibel og løysingsorientert

 Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.

 

Vi tilbyr:

  • Ein fagleg utfordrande stilling
  • Vere med å bygge opp og utvikle fagteamet i avdelinga
  • Tverrfagleg samarbeid med andre einingar og instansar
  • Gode påverkningsmoglegheiter
  • Løn etter gjeldande tariff. Sjukepleiarar/vernepleiarar har rekrutteringstillegg på kr 20 000,- for arbeid i turnus.
  • Sjukepleiar/vernepleiar startar på 8 år ansienniet. 15 000,- lokalt tillegg på 16 år ansiennitet.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

 

Del på:

Jobbtype:

Fast

Heiltid/Deltid:

Heiltid

Arbeidstid:

Skift/turnus

Søknadsfrist:

10.11.2024

Tiltreding:

01.02.2025

Arbeidsstad:

Høyanger

Kontaktpersonar:

Einingsleiar Benedicte Valsvik

mob: +47 99219330

Adresse:

August Gunnarskogs gate 0000 Høyanger

Kart: