Høyanger kommune Høyanger kommune

Timevikarar lærarar

Skulane i Høyanger kommune har behov for fleire timevikarar med verknad frå snarast.

Vi ønskjer vikarar som kan ta på seg undervisningsoppdrag ved sjukdom og anna fråvær blant undervisningspersonellet. Vikarane kan bli oppringde til arbeid på kort varsel.

Det er ønskjeleg at vikarane har høgskuleutdanning med undervisningsfag i grunnskulen, gjerne lærarstudentar, men også anna utdanning og/eller erfaring med arbeid knytt til barn og unge er av interesse.

I søknaden må det kome fram kva for skular i kommunen du kan tenkje deg å jobbe ved (Høyanger, Kyrkjebø, Lavik og/eller Bjordal)

Politiattest må leggast fram for den som blir tilsett.

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova.

Del på:

Fylke:

  • Vestland

Jobbtype:

Vikariat

Heiltid/Deltid:

Ved behov

Arbeidstid:

Dag

Søknadsfrist:

25.10.2024

Kontaktpersonar:

Kommunalsjef for oppvekst Stig Engen

mob: +47 99219366

Rektor Gro Nes Hommedal

mob: +47 90735450

Adresse:

August Gunnarskogs gate 6993 Høyanger

Kart: