
Ynskjer du å arbeide med oss sommaren 2023?
Ferievikararar helse og omsorg
Vi treng ferievikarar innan tenesteområdet helse og omsorg. Vi har ledige ferievikariat ved desse einingane:
- Institusjonstenesta (Høyanger sjukeheim og Kyrkjebø sjukeheim)
- Open omsorg (Høyanger, Lavik og Sørsida)
- PU- tenesta Høyanger og Lavik
- Sentralkjøkkenet
Vi treng vikarar i tidsrommet medio juni til medio august med hovudvekt på juli månad. Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 6 veker samanhengande vil verte prioriterte. Det er difor viktig at du opplyser om dette i søknaden.
Vi treng følgjande stillingsgrupper:
Sjukepleiarar, helsefagarbeidarar, vernepleiarar, sjukepleie/vernepleiestudentar, miljøarbeidarar, heimehjelp og assistentar.
For stillingar innan sjukeheimar, open omsorg (heimesjukepleie og PU- tenesta) er arbeidstid i turnus med arbeid minimum 3.kvar helg.
Vi kan tilby god og trygg opplæring før oppstart. Du må være fleksibel, ha gode samarbeidsevner, kunne arbeid sjølvstendig og beherske norsk munntleg og skriftleg. Søkjarar til open omsorg må ha førarkort.
Politiattest må leggast fram ved tilsetting.
Løn etter tariff. Sjukepleiar og vernepleiarstudentar vert løna utifrå kor langt ein er kome i studiet.
Siste søknadsfrist er 28.02.23 men vi tilsett fortløpande.
Del på:
Fylke:
- Vestland
Jobbtype:
Sesong
Heiltid/Deltid:
Heiltid
Arbeidstid:
Skift/turnus
Søknadsfrist:
28.02.2023
Tiltreding:
medio juni
Arbeidsstad:
Høyanger/Kyrkjebø/Høyanger sørside/Lavik
Heimeside:
http://www.hoyanger.kommune.noAdresse:
Storgata 6993 Høyanger